Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2017:

Digitalisering av bustad- og byggjesektoren

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

– Regjeringa held fram med å fornye, forenkle og forbetre offentleg sektor. Målet er ein enklare kvardag for folk flest. Digitalisering av tenester og prosessar gjer arbeidet til offentleg tilsette enklare og meir effektivt. Innbyggarar og næringsliv skal få betre tenester, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

I budsjettet for 2017 foreslår Regjeringa å løyve 42 millionar kroner til Husbanken slik at dei kan halde fram med å digitalisere låne- og tilskotsordningane sine og modernisere lånesystema. Regjeringa foreslår òg at Direktoratet for byggkvalitet (DiBK) skal utvikle ei fellesteneste for byggjesaker (Fellestenester BYGG) i 2017.

Husbankens IKT-program

Tenestene til Husbanken skal bli meir tilgjengelege og enklare for innbyggarane, og Husbanken og kommunane skal bruke mindre tid til sakshandsaminga . eSøknad for bustøtte blei innført i 2014, og eSøknad for startlån og tilskot våren 2016. Husbanken har fått tildelt prisar for begge desse digitale løysingane. I 2017 skal Husbanken tilby kommunane eit system for sakshandsaming av lån og tilskot.

– eSøknad for bustøtte og nytt startlånssystem kan til saman spare kommunane for inntil 90 000 timar årleg. Det er viktig at kommunane tar systema i bruk slik at dei kan bruke meir av tida si til andre viktige oppgåver, oppmodar Sanner.

Fellesteneste BYGG

Saman med KS og kommunane er DIBK i god gang med to viktige digitaliseringsprosjekt, eByggeSak og eByggeSøknad. I dag har to pilotkommunar skaffa seg nytt digitalt sakshandsamingssystem gjennom eByggeSak. Fleire andre kommunar har inngått avtalar om å skaffe digitalt sakshandsamingssystem med leverandørar.

– Digitalisering av byggsektoren har eit enormt gevinstpotensial, fortel Sanner. Kvart år sender privatpersonar og profesjonelle aktørar om lag 100 000 byggjesøknader til kommunane. Ein stor del av desse byggjesøknader er ufullstendige, noko som gjer det til ein stor tidstyv for både søkjarane og kommunane. Derfor skal DIBK etablere ei nasjonal digital fellesteneste for byggjesaker (Fellesteneste BYGG) på Altinn-plattforma, fortel Sanner.

Tenesta gjer at byggjesøknader kan sendast og kontrollerast på ein einsarta måte. I tillegg vil byggjesøknader automatisk bli sjekka mot regelverket. Gevinstpotensialet er på om lag 2,5 milliarder kroner over 15 år. Gevinstane er fordelte med om lag 1,5 milliard kroner på kommunal sektor og 1 milliard kroner på byggjenæringa.

– Kommunale sakshandsamarar får frigjort meir tid til større og meir komplekse byggjesaker, noko som vil auke kvaliteten på det som blir bygd, og gi færre byggjefeil, avsluttar Sanner.

 

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00