Merkurstøtte til små bokhandlarar
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet
Pressemelding | Dato: 21.08.2017
Små bokhandlar i Distrikts-Noreg kan no få støtte gjennom Merkur-programmet til å styrke og utvikle drifta. Opptil 10 bokhandlarar kan få inntil 50.000 kr til å utvikle butikken som sosial og kulturell arena.
Den nye støtteordninga er eit tilbod til bokhandlar som ønskjer å utvikle bokhandelen til ein sosial og kulturell møteplass for lokalsamfunnet. Ordninga skal til dømes hjelpe bokhandlarar som ønskjer å leggje til rette for mellom anna forfattarmøte, litteraturkveldar og andre typar kulturelle arrangement i bokhandelen.
Merkur-programmet er Kommunal- og moderniseringsdepartementet sitt verktøy for å utvikle distriktsbutikkar og har arbeidd med utvikling av bokhandlarar sidan 2008.
– Eg har sjølv sett kor viktig det er å oppretthalde eit godt tenestetilbod i distrikta. Både nærbutikkar og bokhandlarar er med å skape levande lokalmiljø, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner. Eg tykkjer difor det er flott at bokhandlarane i distrikta får høve til å søkje om utviklingsstøtte.
Merkur-programmet har erfart at det er mogleg å få til vekst og utvikling i små bokhandlarar med relativt små investeringar. Merkur startar derfor no opp ei ny støtteordning for bokhandlarar.
– Bokhandelen er ein viktig kulturberar i mange lokalsamfunn rundt om i Noreg. Bokhandlane kan vere meir enn ein plass ein kjøper bøker, dei kan vere gode, kulturelle møteplassar. Den nye støtteordninga skal gjere det lettare for bokhandlane å gjennomføre omstilling og styrke drift og lønsemd i verksemda, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.
Tilbodet om utviklingsstøtte gjeld for Merkur-bokhandlarar som er lokalisert i ein tettstad eller småby i Distrikts-Noreg. Bokhandelen må vere einaste bokhandelen i tettstaden eller handelsområdet, og den må ha ei omsetning på under 7 millionar kroner. Fristen for å søkje om støtte for 2017 er 1. oktober.