Historisk arkiv

Omstillingsmidlar til Andøy kommune

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Regjeringa følgjer opp startbevilgninga på 5 millionar kroner til ekstraordinær omstilling i Andøy kommune i statsbudsjettet for 2017 med nye 15 millionar i revidert nasjonalbudsjett for 2017.

– Staten tek samfunnsansvar for råka lokalsamfunn og regionar når statlege omorganiseringar fører til stor reduksjon i aktivitetane. Nedlegginga av Andøy flystasjon frå 2020 vil gje eit behov for omstilling og framvekst av nytt næringsliv. Regjeringa er oppteken av å leggje til rette for at kommunen skal ha gode føresetnader for vekst og trygge arbeidsplassar framover, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Regjeringa ønskjer vekst og verdiskaping i heile landet. Samfunnet i Andøy må omstille seg. Nye, trygge arbeidsplassar blir særs viktig i tida som kjem. Regjeringa ønskjer å medverke til rask omstilling – og at det blir skapt nye, framtidsretta og trygge arbeidsplassar i Andøy.

– Andøy har store moglegheiter innan havbruk og fiskeri, reiseliv og romteknologi, for å nemne noko. For Andøysamfunnet tyder vel så mykje at staten legg til rette for investering i desse næringane som reine løyvingar til omstilling, seier Sanner.

Fire utviklingsområde er peika ut: primærnæringar og havbruk, reiseliv og opplevingar, romteknologi og kompetanse. Andøy har fått 5 millionar i år til å planlegge omstillingsprosjektet. Regjeringa set av ytterlegare 15 millionar kroner i forslaget til revidert nasjonalbudsjett. Samstundes varslar regjeringa at ein er innstilt på auke denne summen framover slik at ein til saman bidreg med 80 millionar kroner til omstillingsarbeidet i Andøy kommune.

– 80 millionar kronar er ein høg omstillingsstønad, men Andøy er i ein særskild situasjon. No forventar eg at og Nordland fylkeskommune medverkar slik at den totale innsatsen for omstilling kan aukast ytterlegare, seier Sanner.

Løyvinga vil bli overført til Nordland fylkeskommune, som får ansvaret for bruken av midlane i tett samarbeid med mellom anna Innovasjon Norge og kommunen.

 

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00