Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2018:

Regjeringa vil styrkje samisk språk og kultur

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

– Regjeringa vil ta vare på og styrkje samiske språk. Vi vil derfor auke løyvingane til Sametinget med 5 millionar kroner i 2018, som ein start på oppfølginga av rapporten frå samisk språkutval, Hjertespråket, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Det samiske språkutvalet la fram sin rapport NOU 2016:18, Hjertespråketi oktober i fjor.

– Det er positivt at vi nå ser at stadig fleire med samisk bakgrunn ønsker å lære seg språket og føre det vidare til neste generasjon. Det er ei utvikling vi gjerne vil støtte opp om, seier Sanner.

Regjeringa vil også auke løyvingane til Sametinget med 2,5 millionar kroner til det generelle arbeidet med kultur og språk, og dessutan med 3 millionar kroner til arbeidet med læreplanar og læremiddel.

– For mange er dei samiske språka den viktigaste kulturberaren for det samiske folket. Samtidig er dei samiske språka små og sårbare, spesielt sørsamisk og lulesamisk. Storsamfunnet må bidra til at desse blir tatt vare på, påpeiker statsråd Jan Tore Sanner.

Regjeringa gjer framlegg om ei samla løyving til Sametinget og andre samiske føremål på om lag 994 millionar kroner i statsbudsjettet for 2018. Dette er ein auke på 4,6 prosent frå 2017.

Til Sametinget foreslår regjeringa å setje av 486 millionar kroner i 2018, som er ein auke på 5,4 prosent frå 2017.

Sjå: Bevilgninger til samiske formål i statsbudsjettet 2018 (PDF)

Andre løyvingar til samiske føremål:

  • I det reviderte nasjonalbudsjettet for 2017 vart tilskotet til samiske barnehagetilbod auka med 5 millionar kroner. Regjeringa gjer no framlegg om at denne auken held fram i 2018.
  • Regjeringa gjer framlegg om å styrkje arbeidet til Senter for samisk i opplæringa ved Samisk høgskole med 2,4 millionar kroner.
  • Regjeringa føreslår å styrkje sekretariatet til dei Samiske vegvisarane med 1 million kroner, og Internasjonalt samisk filminstitutt (ISFI), med 600 000 kroner. Formålet med sistnemnde er å sikre ISFI ein betre driftssituasjon, slik at satsinga på produksjon og formidling av samiske audiovisuelle verk kan halde fram og styrkast.

 

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00