Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2018:

Ti millionar til nye jobbar i Andøy kommune

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Regjeringa føreslår i framlegget til statsbudsjett for 2018 å løyve nye 10 millionar kroner til ekstraordinær omstilling i Andøy kommune. Med dette følgjer regjeringa opp løyvinga på 35 millionar kroner i 2017.

– Staten tek samfunnsansvar for råka lokalsamfunn og regionar når statlege omorganiseringar fører til stor reduksjon i aktivitetane. Nedlegginga av Andøy flystasjon vil gje eit behov for omstilling, nytt næringsliv og arbeidsplassar. Regjeringa er oppteken av å leggje til rette for at kommunen skal ha gode føresetnader for vekst og trygge jobbar framover, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Samfunnet i Andøy må omstille seg. Nye, trygge arbeidsplassar blir særs viktig i tida som kjem. Regjeringa ønskjer å medverke til rask omstilling - og at det blir skapt nye, framtidsretta og trygge arbeidsplassar i kommunen.

– Andøy har store moglegheiter innan havbruk og fiskeri, reiseliv og romteknologi, for å nemne noko. For Andøysamfunnet tyder vel så mykje at staten legg til rette for investering i desse næringane som reine løyvingar til omstilling, seier Sanner.

Samstundes varslar regjeringa at ein vil bidra med ytterlegare 50 millionar kroner utover forslaget for 2018 til omstilling i Andøy.
– Eg har ein klar forventning om at Nordland fylkeskommune også følger opp med ekstraordinære midlar, seier Sanner

Løyvinga vil bli overført til Nordland fylkeskommune, som får ansvaret for bruken av midlane i tett samarbeid med mellom anna Innovasjon Norge og kommunen.

 

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00