Statsråd Mæland besøkjer Arendal
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet
Pressemelding | Dato: 14.11.2018
Kommunal- og moderniseringsministeren ber om innspel til ny distriktsmelding.
– Vår distriktspolitikk skal sjå framover, ikkje bakover. Derfor har eg invitert aktørar frå Agder til å delta på eit møte i Arendal.
med fokus på vekstkraft og verdiskaping i regionen, seier statsråd Mæland.
Statsråden vil møte representantar frå Arendal kommune, Østre Agder regionråd, Havforskningsinstituttet, GCE Node, UiA, NHO, Lister Nyskaping og ein gründer.
Tid: Torsdag 15. november kl. 14.00 – 15.30.
Stad: Lilandgården, Torggt. 8 – 10, Arendal
Statsråd Mæland skal delta på Fylkesmannen i Agder sin ordførar- og rådmannskonferanse i Arendal tidlegare på dagen.
Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Sissel Mossing, tlf. 920 80 147
Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00