Statsråd Monica Mæland vitjar København
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet
Pressemelding | Dato: 21.08.2018
Kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland vitjar København for å læra meir om Danmark sitt arbeid med innovasjon i offentleg sektor. Mæland skal mellom anna vitja Sophie Løhde, som er den fyrste danske ministeren for offentleg innovasjon.
Regjeringa har satt innovasjon i offentleg sektor på agendaen i denne perioden. Statsråden og resten av den politiske leiinga i Kommunal- og moderniseringsdepartementet vitjar Danmark for å få kunnskap om kva dei har gjort i Danmark og bli inspirert til tiltak som kan auke innovasjonstakten i offentleg sektor i Noreg.
- Tid: og 22. august
- Stad: København, Danmark
Program
21. august
Kl. 19:00-21.30: Mottaking på ambassaden i København
22. august
Kl. 9.00-11.00: Møte med Center for innovasjon (COI), som blei etablert i 2014 for å få fart på arbeidet med innovasjon i offentleg sektor i Danmark
Kl. 13.00-14.00: Statsråden møter den danske innovasjonsministeren Sophie Løhde
Kl. 15.00-16.30: Statsråden vitjar kommunen Gentofte for å høyra om deira nye kommunalpolitiske innovasjonsmetode; oppgåveutvalg
Pressekontaktar:
Heidi Egede-Nissen: 404 37 384
Jenny Kanestrøm Trøite: 900 24 610