52 millionar kroner til Sogn og Fjordane etter flaum
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet
Pressemelding | Dato: 21.02.2019
– Flaumen i oktober i fjor var dramatisk og gjorde store skadar. Då må storsamfunnet stille opp og ta ein del av rekninga, seier kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland. Departementet betaler no ut 52 millionar kroner til Sogn og Fjordane fylkeskommune til utbetring av fylkevegnettet etter flaumen.
Regnver og snøsmelting førte til flaum i oktober 2018 i Sogn og Fjordane. Flaumen var særleg stor i Luster kommune, der fylkesvegen i Fortunsdalen og Mørkridsdalen fekk store skadar. Flaumen førte òg til skadar i Urnes, Jostedalen og Byrkjelo i Gloppen kommune.
Kommunal- og moderniseringsdepartementet gir no Sogn og Fjordane fylkeskommune 52 millionar kroner til å byggje opp att fylkesvegane.
Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00