Digitaliseringsministeren til Latvia
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet
Pressemelding | Dato: 25.11.2019
Digitaliseringsministeren besøker Riga i Latvia 27. og 28. november og møter Latvia sin president og nordiske og baltiske digitaliseringsministrar. Statsråden deltek og på ein internasjonal konferanse om 5G.
Digitaliseringsminister Nikolai Astrup besøker Riga for å diskutere mål og ambisjonar for det nordisk-baltiske samarbeidet om digitalisering. Astrup deltar og på konferansen 5G Techritory. Media er velkomne til å delta på delar av programmet.
Onsdag 27. november
- Besøk på NATO Center of Excellence for Strategic Communication
- Møte med Latvia sin president Egils Levits
- Møte med nordiske og baltiske digitaliseringsministrar
- Møte med interessentar for 5G
Desse møta er ikkje opne for media.
Torsdag 28. november
- Statsråden deltek på konferansen 5G Techritory. Tema for konferansen er korleis byggje eit felles økosystem for utviklinga av 5G i den baltiske og nordiske regionen. Statsråden deltek i ein paneldiskusjon om tingas internett (Internet of Things), kunstig intelligens og 5G.
- Stad: Hotel Radisson Blu Latvija, Elizabetes iela 55, Centra rajons, Riga.
Media er velkomne til å delta på konferansen.
Pressekontakt
Politisk rådgjevar Jenny Clemet von Tetzschner, mobiltlf. +47 918 80 164
Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00