Digitaliseringsministeren til London
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet
Pressemelding | Dato: 07.05.2019
Digitaliseringsminister Nikolai Astrup besøker London 8. og 9. mai for å høyre om bruk av kunstig intelligens i britisk næringsliv og offentleg sektor.
Astrup skal mellom anna møte den britiske ministeren for digitalisering og kreative næringar, Ms Margot James, norske etablerarar i London, internasjonale aktørar og halde innlegg på The Next Frontier – ei konferanse om kunstig intelligens.
– Eg ser fram til å dele norske erfaringar og få høyre meir om korleis britane jobber med dette viktige temaet. Utviklinga innen stordata, dataanalyse og kunstig intelligens blir svært viktig. Vi har berre sett starten på denne utviklinga, seier Nikolai Astrup.
Program
Onsdag 8. mai:
Kl 17.00-18.00: møter Ms Margot James, minister for digitalisering og kreative næringar,
Stad: 100 Parliament street, Westminister
Kl 19.30-21.30: arbeidsmiddag hos den norske ambassaden saman med gjestar fra KI-industrien.
Stad: 63 Victoria Road
Torsdag 9. mai:
Kl 09.35-11.10: åpner konferansen The next frontier, som arrangeres av Innovasjon Norge og den norske ambassaden i London.
Stad: Level39, One Canada Square
Kl 12.00-14.00: møter Siemens
Stad: The Crystal, One Siemens Brothers Way
Kl 14.30-15.30: møter Government Digital Services
Stad: The White Chapel Building, 10 White Chapel High Street
Kl 16.15-17.00: møter BenevolentAI
Stad: 4-8 Maple St, Bloomsbury
Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgivar Heidi Egede-Nissen, tel. 404 37 384
Se også: Strategi for kunstig intelligens