Statsbudsjettet 2020:
Regjeringa styrkjer dei frie inntektene til kommunane med 1,3 milliardar kroner
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet
Pressemelding | Dato: 07.10.2019
− Regjeringa sitt budsjettframlegg for kommunesektoren i 2020 setter kommunane i stand til å styrkje viktige velferdstenester. Vi legg særleg til rette for å styrkje tilbodet til rusavhengige og tidleg innsats i skulen, seier kommunalminister Monica Mæland.
Kommunesektoren har vorte styrkja med meir enn 30 milliardar kroner under denne regjeringa. Kommunane har svært gode overskot og talet på kommunar i økonomisk uføre er historisk lavt.
I statsbudsjettet for 2020 er skatteanslaget for 2019 oppjustert med 4,9 milliardar kroner, og vi har berre 10 kommunar på ROBEK-lista. Kommunane har hatt mange år med sterk inntektsvekst, og har eit godt økonomisk grunnlag når dei no går inn i 2020.
Regjeringa legg opp til ein vekst i kommunesektoren sine frie inntekter på 1,3 milliardar kroner i 2020. Med dette kan kommunesektoren fortsetje det gode arbeidet med å gje gode tenester til innbyggjarane og skape gode lokalsamfunn.
– Allereie i kommuneproposisjonen varsla vi noko lågare vekst i dei frie inntektene, men opplegget gir rom for fortsatt styrkjing av velferdstenestene. Norsk økonomi går godt, og arbeidsløysa er låg. Det blir skapt mange nye jobbar, noko som gjer positive effektar også i lokalsamfunna og er med på å skape eit berekraftig velferdssamfunn, seier Mæland.
Regjeringa foreslår at heile veksten i dei frie inntektene i 2020 går til kommunane, og at fylkeskommunane sine frie inntekter i 2020 blir haldne reelt uendra samanlikna med 2019.
Veksten i dei frie inntektene til kommunane er grunngjeve med blant anna fylgjande satsingar:
- 400 millionar kroner til tidleg innsats i skulen
- 150 millionar kroner til eit betre tilbod til rusavhengige
– Ein god og føreseieleg kommuneøkonomi er viktig for at kommunane og fylkeskommunane skal kunne ivareta sine oppgåver. Samstundes må kommunane bruke handlingsrommet godt og prioritere til det beste for innbyggjarane, seier Mæland.
Grønt hefte - Inntektssystemet for kommuner og fylkeskommuner
Fylkesvis oversikt:
- 468 millionar kroner meir i frie inntekter til Agder neste år
- 595 millionar kroner meir i frie inntekter til Innlandet neste år
- 437 millionar kroner meir i frie inntekter til Møre og Romsdal neste år
- 413 millionar kroner meir i frie inntekter til Nordland neste år
- 907 millioner kroner meir i frie inntekter til Oslo neste år
- 702 millionar kroner meir i frie inntekter til Rogaland neste år
- 457 millionar kroner meir i frie inntekter til Troms og Finnmark neste år
- 721 millionar kroner meir i frie inntekter til Trøndelag neste år
- 657 millionar kroner meir i frie inntekter til Vestfold og Telemark neste år
- 1 018 millionar kroner meir i frie inntekter til Vestland neste år
- 2 033 millionar kroner meir i frie inntekter til Viken neste år
Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.