Historisk arkiv

Presseinvitasjon:

Astrup legg fram innovasjonsmeldinga

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Tysdag 23. juni vil kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup presentere hovudtrekka i stortingsmeldinga om innovasjon i offentleg sektor . Dette gjer han på et frokostmøte hjå Startuplab i Forskingsparken. Møtet vil strømmes direkte her frå klokka 08.15.

Nett-tv Astrup legg fram innovasjonsmeldinga

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

  • Tid: 23. juni klokka 8.15
  • Stad: Startuplab i Forskingsparken
  • Adresse: Gaustadalléen 21, 0349 Oslo

Kommunal- og moderniseringsministeren har invitert KS-leder Bjørn Arild Gram og fleire aktørar som har lukkast med innovasjon i offentleg sektor, og som vil presentere prosjekta sine. Dei fem prosjekta viser bredda på innovasjon i offentleg sektor:

  • Smartplasteret som kan redde liv ved Kjetil Meisal, CEO og ein av tre gründerne i OniO
  • Ikkje beste, men neste praksis ved ordførar Lisbeth Hammer Krog i Bærum kommune
  • Barnetråkk – innovativ involvering av barn og unge ved Ingerid Helsing Almaas i DOGA
  • Smart energibruk ved Bodil Motzke i Undervisningsbygg
  • Diffia – sømløs avstandsoppfølging og hjemmemonitorering i Helse Sør-Øst ved Soheil Dabestani, CEO og Co-Founder i Diffia

Aktørane vil vere tilgjengeleg for pressa etter frokostmøtet.

Pressa er velkomne på heile arrangementet. På grunn av smittevern, ber vi om at journalistar meldar seg på innan utgangen av måndag og tar med gyldig legitimasjon og pressekort. Det er også mogeleg å sende inn spørsmål på e-post til ke@kmd.dep.no innan tysdag 23. juni klokka 8.00.

Arrangementet vil bli strømma på regjeringen.no.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00

Pressekontakt: Kjetil Vevle: 48 40 85 98
Jenny Kanestrøm Trøite: 90 02 46 10