Berekraftsmåla på nynorsk
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet
Pressemelding | Dato: 24.06.2020
No kjem ei fullverdig omsetjing av berekraftsmåla, både på bokmål og nynorsk.
Berekraftsmåla blei vedteke av FNs medlemsland i 2015. Noreg slutta seg til arbeidet i 2015 og måla blei omsett til bokmål. No er bokmålsomsetjinga forbetra og måla er samstundes omsett til nynorsk.
– Vi veit at fleire har sakna ei nynorsk utgåve av berekraftsmåla. Eg er glad for at dette no er på plass. Den nye omsetjinga vil sikre lik ordlyd på begge målformer. Det er viktig for det vidare arbeidet med å oppnå måla, seier berekraftsminister Nikolai Astrup.
I samarbeid med dei andre departementa har Kommunal- og moderniseringsdepartementet omarbeida bokmålsomsetjinga og fått på plass ei nynorsk utgåve. Hausten 2019 sørga FN-sambandet for ei nordsamisk omsetjing. Også den er no oppdatert.
– Vi håper at dei nye omsetjingane skapar engasjement hos alle dei som arbeider for at vi skal nå måla. I samband med det pågåande arbeidet med å få på plass dei nasjonale måla våre, er det særleg viktig med ei god og klar omsetjing av alle måla, seier Astrup.
Bruk av materiale om berekraftsmåla
Endringane i bokmålsomsetjinga fører til at trykka materiale og anna grafikk ikkje lenger stemmer med den offisielle omsetjinga.
Kommunal- og moderniseringsdepartementet vurderer endringane i ordlegging som små nok til at det ikkje er naudsynt å slutte å bruke eksisterande materiell. Vi oppfordrar likevel til å bruke den nye omsetjinga i produksjon av nytt materiell, og i digitalt innhald.
FN-sambandet har oppdatert all nedlastbar grafikk på FN.no. Grafikken kan lastast ned her.