Einige om felles digitale ambisjonar for offentleg sektor
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet
Pressemelding | Dato: 14.09.2020
Distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland og KS-styreleiar Bjørn Arild Gram er einige om felles ambisjonar og tiltak for å få brukarane til å oppleve éin digital offentleg sektor.
- I dag må ein gå frå nettstad til nettstad for å få løyst ulike oppgåver, og legge inn den same informasjonen fleire gonger. Dette må vi løyse gjennom samanhengande tenester og bruk av fellesløysingar og vi må sørge for at fellesløysingane verker på tvers av forvaltningsnivåa og sektorane, seier distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland.
- Saman med kommunane skal vi gjere det enklare for innbyggjarane, næringsdrivande og frivillige organisasjonar å finne fram og få løyst sine oppgåver. Eg er glad for at vi er einige med KS om korleis vi skal jobbe saman for å lykkast med denne jobben, seier Helleland.
Ny samarbeidsavtale
Koronasituasjonen har vist oss kor viktig det er å gjere digitale tenester meir tilgjengelege for folk.
- Koronapandemien har ført til at kommunar og fylkeskommunar må jobbe på nye måtar, og dei har tatt i bruk digitale løysingar på rekordtid. Framgangen er eit resultat av langsiktig jobbing med å samle kreftene om digitalisering og sikre velfungerande samarbeid på digitaliseringsområdet. No er vi einige om å forsterke samarbeidet ytterlegare slik at innbyggjarane får betre og meir samanhengande tenester, seier styreleiar i KS Bjørn Arild Gram.
Faste møter på tvers av departement
Samarbeidsavtalen med KS er ei oppfølging av digitaliseringsstrategien for offentleg sektor som regjeringa og KS la fram i juni 2019. Formålet er å jobbe meir saman om å løyse felles utfordringar, og sikre at stat og kommune er likeverdige partar.
Framover vil konsultasjonsmøta om digitalisering skje årleg på tvers av departementa som ein del av konsultasjonsordninga mellom staten og kommunal sektor.
- For å lykkast i arbeidet om éin digital offentleg sektor er det viktig at kommunesida møter ein samordna stat. Derfor er vi glade for at kommunal sektor nå framover vil møte regjeringa på tvers av departementa for å diskutere digitalisering av offentleg sektor, seier Gram.
Det ble også i vår lansert ein felles handlingsplan for digitaliseringsstrategien, som skal gi status på arbeidet. Handlingsplanen oppdaterast to gonger i året.
- I samarbeidsavtalen legg vi vekt på kor viktig det er at stat og kommune jobbar tett saman. Vi kan ikkje sitte på kvar vår tue. Folk skal ikkje måtte bry seg om kven som leverer tenestene, men få den hjelpa dei har behov for, seier Helleland.