Godkjend plan for vidare utvikling av Geiranger
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet
Pressemelding | Dato: 02.07.2020
Kommunal- og moderniseringsdepartementet har i dag godkjend områderegulering for Geiranger. Planen legg opp til ei avgrensa utbygging av nye bustadar, infrastruktur og sentrumsfunksjonar, men tek samtidig omsyn til naturfaren og verdsarvverdiane i området.
Avgjerd i motsegnssak - områderegulering for Geiranger i Stranda kommune (pdf)
Det er stilt krav om detaljregulering for bygging av hybelhus på Grande, gang- og sykkelveg mellom Grande og sentrum, og for bygging av sentrumsleilegheiter med næring i første etasje. Planen stadfestar vidareføring av eksisterande arealformål i område der det ikkje er planlagt ny arealbruk. Departementet har vedteke å ta forslaget om djupvasskai og parkeringsanlegg ut av planen av omsyn til verdsarvverdiane.
- I eit område med stor skred- og flodbølgjefare, og som og har unike verdsarvverdiar, skal det vere avgrensingar på kva ein kan byggje, seier kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup.
- Samtidig ser eg at Geiranger treng vekst og næringsutvikling. Eg har vore opptatt av å finne løysingar som sørger for at ein av våre mest unike reisedestinasjonar òg skal vere ein god stad å leve. Denne planen sørger for at kommunen kan oppretthalde ei livskraftig bygd, og samstundes ta omsyn til verdsarven og naturfaren på staden, seier han.
Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Noregs vassdrags- og energidirektorat, og Møre og Romsdal fylkeskommune hadde motsegn til planen. Departementet har i si handsaming av saka lagt vekt på kommunen sitt behov for utvikling i Geiranger og omsynet til verdsarvverdiane.
Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00