Inviterer til idédugnad for å nå berekraftsmåla
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet
Pressemelding | Dato: 26.08.2020
– Arbeidet med ein nasjonal handlingsplan for berekraftsmåla har starta. No ynskjer vi innspel til kva tiltak som kan bidra til at Noreg når berekraftsmåla innan 2030, seier berekraftsminister Nikolai Astrup.
Berekraftsmåla gjeld alle land og alle deler av samfunnet. Også Noreg, som var pådrivar for å vedta måla i 2015. For at Noregs innsats skal vere mest mogleg målretta dei neste ti åra, er regjeringa i gang med å lage ein nasjonal handlingsplan for berekraftsarbeidet. No ynskjer regjeringa innspel frå sivilsamfunn, næringsliv, akademia, offentlege verksemder og folk flest.
Ber om innspel
– Heile samfunnet må bidra om vi skal lukkast med å nå måla innan 2030. Det er mange der ute som jobbar med berekraft, og som sit på gode idear og viktige erfaringar om kor skoen trykker. Eg gler meg til å få innspel frå organisasjonar og verksemder over heile landet, seier Astrup
Handlingsplanen skal utarbeidast som ei stortingsmelding for å sikre brei forankring i Stortinget, og den skal leggast fram i løpet av våren 2021.
Ni innspelsmøter
Fram til 1. oktober vil Astrup invitere til ni innspelsmøter i Oslo, Bergen, Trondheim og Tromsø. Møta er retta mot ulike aktørar som sivilsamfunnsorganisasjonar, ungdomsorganisasjonar, akademia og teknologibransjen, og ein kan delta både fysisk og digitalt. Deltakarane vil få moglegheit til å halde korte innlegg der dei kan gi sine innspel til planen.
Vi har også opna ein portal der privatpersonar, organisasjonar og verksemder kan sende inn skriftlege innspel og vise fram eksemplar på korleis dei jobbar for å nå måla.
– Eg ynskjer både skriftlege innspel og vil høyre om suksesshistoriane som viser korleis vi saman arbeider målretta for å nå berekraftsmåla. Besøk nettsida vår, og gi ditt bidrag, oppmodar Astrup.
Les meir på Bærekraftsmålene for Norge