Presseinvitasjon:
Kommunal- og moderniseringsministeren får rapport frå byggkvalitetutvalet
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet
Pressemelding | Dato: 03.02.2020
Kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup tek imot ein rapport frå byggkvalitetutvalet onsdag 5. februar i Akersgata 59. Pressa er velkommen til å delta og arrangementet vil bli strømma.
Byggkvalitetutvalet har vurdert tiltak for å sikre god kvalitet og seriøsitet i byggjenæringen. Rapporten blir lagt fram av leiaren av utvalet, Nils-Henrik von der Fehr.
Program onsdag 5. februar
13:00-13:20 Utvalsleiar orienterer om rapporten
13:20-13:30 Kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup får rapporten og takkar for arbeidet
13:30-13:45 Ope for spørsmål frå pressa
Oppmøte for pressa
Pressa blir oppmoda til å møte 12:45 i Akersgata 59.
Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.
Kommunal- og moderniseringsministeren får rapport frå byggkvalitetutvalet
Sjå sendinga her