Møte mellom regjeringa, KS og arbeidstakarorganisasjonane
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet
Pressemelding | Dato: 02.10.2020
Tysdag 6. oktober møter regjeringa arbeidstakarorganisasjonane og KS for å snakke om ressurssituasjonen i kommunane under koronapandemien.
Frå regjeringa møter kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup, helse- og omsorgsminister Bent Høie, finansminister Jan Tore Sanner, kunnskapsminister Guri Melby og statssekretær ved statsministeren sitt kontor, Oluf Useth.
I tillegg deltek Bjørn Arild Gram i KS, Mette Nord i LO Kommune, Steffen Handal i Unio kommune, Lizzie Ruud Thorkildsen i YS Kommune og Jan Olav Birkenhagen i Akademikerne kommune på møtet.
Tema er ressurssituasjonen i kommunane under koronapandemien.
Pressa kan å ta bilde før møtet startar, og snakke med deltakarane når møtet er slutt. På grunn av smittevern, ber vi journalistar som kjem om å sende ein e-post til ke@kmd.dep.no innan måndag 5. oktober klokka 16.
- Tid: 6. oktober klokka 8.00-9.00
- Stad: Nationaltheateret møtesenter, Kommunenes hus
- Adresse: Haakon VIIs gate 9, 0161 Oslo
Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00