Historisk arkiv

Ny rapport om båtkriteria i inntektssystemet på høyring

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Møreforsking har vurdert kriteria for fylkeskommunale båtruter i inntektsystemet. Rapporten går no ut på høyring, slik at fylkeskommunane får høve til å uttale seg om innhaldet og tilrådingane forskarane gir.

Møreforsking Molde og Transportøkonomisk institutt har skrive rapporten på oppdrag frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Rapporten tek for seg passasjerbåtruter, ikkje bilferjer, som det har vore stor merksemd rundt den siste tida.

− Båtrutene er ein viktig del av infrastrukturen langs kysten og har stor verdi for innbyggjarane. Vi er opptekne av å ta fylkeskommunane med på råd i ei sak som er så viktig for kystfylka, og legg derfor opp til ei brei involvering av sektoren før vi gir ei tilrådning til Stortinget, seier kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup.

Departementet vil ta synspunkta til fylkeskommunane med i vurderinga før det eventuelt kjem forslag om endringar i båtkriteria i inntektssystemet. Rapporten vil bli presentert for Stortinget i kommuneproposisjonen for 2021, som blir lagt fram i mai.

 

Kommunal- og moderniseringsdepartementets pressetelefon: 22 24 25 00