Ny stortingsmelding om digitalisering av samiske språk
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet
Pressemelding | Dato: 28.08.2020
− Regjeringa er oppteken av å utvikle éin digital offentleg sektor for heile befolkninga. I dette arbeidet er det viktig at også dei samiske brukarane finn digitale løysingar på språket sitt, seier distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland.
Regjeringa legg i dag fram den årlege stortingsmeldinga om samisk språk, kultur og samfunnsliv. Tema i år er digitalisering.
Med stortingsmeldinga vil regjeringa peike på dei mogelegheitene som digitalisering kan gi for samiske språkbrukarar. Regjeringa vil også trekke fram dei gode digitale tiltaka for samiske språk som allereie er i gang.
Auka satsing på digitalisering av samiske språk
- Dei siste åra har regjeringa sett i gang fleire tiltak for å styrke digitaliseringa av samiske språk. Vi har mellom anna sett av 15 millionar kroner til samiske digitale læremiddel, og vi arbeider med eit nytt folkeregister som støttar alle samiske særteikn. Vi har også styrkt digitaliseringskapasiteten ved Nasjonalbiblioteket, noko som gjer det mogeleg å digitalisere materiale frå dei samiske musea som ligg i Samisk arkiv, seier Helleland.
Dei siste åra har det også vore ei auka satsing på det samiske språkteknologimiljøet ved Universitetet i Tromsø – Divvun og Giellatekno, som lagar program for å gjere det enklare å bruke dei samiske språka digitalt.
I stortingsmeldinga foreslår regjeringa å gjere støtta til samiske aviser plattformnøytral, for å stimulera til innovasjon og meir effektiv distribusjon.
Framleis utfordringar som må løysast
Stortingsmeldinga belyser utfordringane med å tilby digitale tenester til samiske innbyggarar, og dei problema samiske språkbrukarar møter i ein digital kvardag. Ei stor utfordring er at internasjonale teknologiselskap som Apple og Microsoft ikkje opnar for program for minoritetsspråk, noko som gjer det vanskelegare for samiske språkbrukarar å få tilgang til program på sitt eige språk til PC og mobil.
- Saman med sametingspresidenten vil eg no gå i dialog med fleire av desse selskapa for å ta opp at det må bli enklare å bruke program på samisk. Teknologien finst, han må berre bli lettare tilgjengeleg, seier Helleland.