Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2021

Regjeringa foreslår å starte bygginga av nytt regjeringskvartal

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

– Det er meir enn ni år sidan terroren ramma nasjonen, og vi måtte starte arbeidet med å gjenreise regjeringskvartalet. I statsbudsjettet for 2021 legg regjeringa fram kostnadsramma for det nye regjeringskvartalet, seier Nikolai Astrup, kommunal- og moderniseringsminister (H).

I statsbudsjettet for 2021 foreslår regjeringa oppstart av første byggetrinn i nytt regjeringskvartal. Regjeringa foreslår å løyve 1,3 milliardar kroner til første byggetrinn innafor ein kostnadsramme på 20,5 milliardar kroner.

– Det har vore ein lang, grundig og open prosess. Vi ser fram til å få plass eit trygt og grønt regjeringskvartal til glede for byen, landet og alle som skal jobbe der, seier Astrup.

Regjeringa arbeider for å halde kostnadene nede, og vil styre prosjektet stramt i gjennomføringsfasen.

– Regjeringa ønsker å holde kostnadene så lave som mogleg. Men det er ikkje til å legge skjul på at dette er eit stort, dyrt og komplisert prosjekt mellom anna på grunn av krav til sikkerheit og vanskelege grunnforhold, seier Astrup.

Dersom Stortinget vedtar regjeringas forslag, kan bygginga starte i 2021. Planen er at departementa kan flytte inn i første byggetrinn i andre del av 2025 og første del av 2026.

Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget med byggetrinn 2 og 3 når dei er ferdig prosjekterte. Ekstern kvalitetssikrar anslår at samla forventa kostnad (P50) for byggetrinn 1, 2 og 3 til 24,1 milliardar kroner.

Byggetrinna

  • Byggetrinn 1 omfattar nybygg A og D, rehabilitering av Høgblokka og Møllergata 19, ny inngang til G-blokka, store delar av kjeller under det nye kvartalet, perimetersikring og delar av utomhusanlegg, eksternt kontrollsenter, erverv av eigedom, erstatning til grunneigarar innanfor perimeteret, og fast brukarutstyr.
  • Byggetrinn 2 omfattar nybygg C, delar av utomhusanlegg, og rehabilitering av Møllergata 13, 13B og 15.
  • Byggetrinn 3 omfattar nybygg E og B, rehabilitering av G-blokka og resten av utomhusanlegga og parken over Ring 1.

Les meir om nytt regjeringskvartal:

Kommunal- og moderniseringsdepartementet si temaside

Statsbygg si temaside