Statsbudsjettet 2021
Regjeringa styrkjer dei frie inntektene til kommunane i statsbudsjettet for 2021
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet
Pressemelding | Dato: 07.10.2020
Regjeringa vil ta Noreg ut av koronakrisa ved å skape meir og inkludere fleire. – For å få til det må vi ta hand om tryggleiken og tilliten i det norske samfunnet, og leggje tilrette for eit levande lokaldemokrati med ein god og føreseieleg kommuneøkonomi, seier Nikolai Astrup, kommunal- og moderniseringsminister (H).
For å settje kommunane i stand til å levere gode tenester både under og etter koronakrisa, foreslår regjeringa at kommunesektoren får ein vekst i frie inntekter på 2 milliardar kroner i 2021.
Av veksten på 2,0 milliardar kroner foreslår regjeringa at 1,6 milliardar går til kommunane, medan 0,4 milliardar går til fylkeskommunane. Veksten er i samsvar med det som blei varsla i kommuneproposisjonen.
− Regjeringa har prioritert kommunane gjennom fleire år. Dei frie inntektene til sektoren er styrkt med 35 milliardar kroner sidan 2013. Kommunane har hatt gode resultat dei siste åra og talet på kommunar i ROBEK er på eit lågt nivå. No legg vi til rette for at den gode utviklinga kan fortsetje, seier Astrup.
Regjeringa sitt forslag til statsbudsjett skal bidra til å inkludere fleire, slik at alle får høve til å delta i arbeids- og samfunnsliv. Difor er 100 millionar kroner av veksten i dei frie inntektene til kommunane grunngjeve med satsing på barn og unge si psykiske helse.
Regjeringa vil bidra til ei grønare framtid ved å leggje til rette for at næringslivet kan skapa fleire grøne jobbar. Difor er 100 millionar kroner av veksten i dei frie inntektene til fylkeskommunane grunngjeve med satsing på lav- og nullutslippsløysningar for ferjer og hurtigbåtar.
Nye koronatiltak for kommunesektoren
– Koronakrisa har store konsekvensar for norsk økonomi og rammar alle næringar og sektorar over heile landet, òg kommunesektoren. Difor er regjeringa tydeleg på at vi skal stille opp for kommunane, seier Astrup.
I statsbudsjettet for 2021 foreslår regjeringa at kommunesektoren får eit særskilt tillegg på 1,9 milliardar kroner som kompensasjon for skattesvikt som følgje av koronakrisa i 2020.
I tillegg foreslår regjeringa at fylkeskommunane får 1,25 milliardar kroner i kompensasjon for tapte billettinntekter i kollektivtransporten som følgje av koronakrisa. Regjeringa foreslår òg å auke rammetilskotet med 100 millionar kroner til habiliterings- og avlastningstilbod til born og unge med nedsett funksjonsevne.
Det kjem på toppen av dei auka løyvingane og tiltaka på rundt 20 milliardar kroner, som kommunesektoren fekk i vår.
– Regjeringa har sett ned ei arbeidsgruppe saman med kommunesektoren, som skal kartleggje dei økonomiske konsekvensane av koronakrisa. Arbeidsgruppa leverer fyrste delrapport i oktober, slik at regjeringa kan ta høgde for ekstrakostnadane i nysalderinga av 2020-budsjettet, seier Astrup
Regjeringa vil òg leggje fram eit tilleggsnummer til 2021-budsjettet i november med førebelse anslag for meirutgifter og mindreinntekter for kommunesektoren i 2021, med tilhøyrande forslag til løyvingar.
Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00
Fylkesvis oversikt:
- 649 millionar kroner meir i frie inntekter til Agder neste år
- 734 millionar kroner meir i frie inntekter til Innlandet neste år
- 681 millionar kroner meir i frie inntekter til Møre og Romsdal neste år
- 644 millionar kroner meir i frie inntekter til Nordland neste år
- 1 522 millionar kroner meir i frie inntekter til Oslo neste år
- 1 172 millionar kroner meir i frie inntekter til Rogaland neste år
- 615 millionar kroner meir i frie inntekter til Troms og Finnmark neste år
- 1 030 millionar kroner meir i frie inntekter til Trøndelag neste år
- 862 millionar kroner meir i frie inntekter til Vestfold og Telemark neste år
- 1 504 millionar kroner meir i frie inntekter til Vestland neste år
- 2 954 millionar kroner meir i frie inntekter til Viken neste år