Historisk arkiv

Presseinvitasjon

Statsråd Astrup besøker fem fylke

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup besøker Viken, Vestfold og Telemark, Agder, Innlandet og Trøndelag i tre dagar frå måndag 29. juni. Tema for besøka er varierte, og media er velkomne til å ta del i besøka.

Måndag 29. juni: Viken og Vestfold og Telemark

Kl. 09:30 Møter ordførar Lisbeth Hammer Krog, Bærum kommune. Tema for møtet er Bærumspakka, ei satsing som hjelper lokalt næringsliv og friviljuge med å handtere koronasituasjonen
Stad: Oppmøte ved Bærum rådhus i Sandvika, deretter utandørs vandring

Kl. 11:30 Møter gruppeleiar Kristin Surlien, Drammen kommune. Tema for besøket er korleis kommunen får hjula i gang etter koronakrisen
Stad: Drammen rådhus, Engene 1, Drammen

Kl. 13:30 Lunsj og møte med hotellvertskapet Torill Thorsen og Stig Thorsen. Dei fortel om erfaringene frå koronakrisen og hjelpa frå kompensasjonsordninga for næringslivet
Stad: Sjømilitære samfund, Øvre vei 1, Horten

Kl. 15:00 Møter ordførar Bjørn Ole Gleditch, Sandefjord kommune. Tema for møtet er innovasjon i offentleg sektor og korleis kommunen får hjula i gang etter koronakrisen

Tysdag 30. juni: Vestfold og Telemark og Agder

Kl. 08:30 Møter mellom anna ordførar Robin Kåss, Porsgrunn kommune. Tema for møtet er nominasjonen til Attraktiv by, staten sin pris for bærekraftig stadutforming av byer og tettstadar, der Porsgrunn er ein av finalistane
Stad: Oppmøte ved Comfort Hotel Porsgrunn, Kammerherreløkka 3, Porsgrunn, deretter byvandring

Kl. 11:00 Møter ordførar Marianne Landaas, Tvedestrand kommune. Tema for møtet er innovasjon i offentleg sektor og korleis kommunen får hjula i gang etter koronakrisen
Stad: Tvedestrand vidaregåande skole, Lyngmyrveien 57, Tvedestrand

Kl. 13:00 Lunsjmøte med ordførar Beate Skretting, Grimstad kommune. Tema for møtet er innovasjon i offentleg sektor og korleis kommunen får hjula i gang etter koronakrisen
Stad: Universitetet i Agder, i4Helse, Jon Lilletunsvei 9, Grimstad

Kl. 14:45 Møter ordførar Einar Holmer-Hoven, Lillesand kommune. Tema for møtet er innovasjon i offentleg sektor og korleis kommunen får hjula i gang etter koronakrisen
Stad: Lillesand rådhus, Østregate 2, Lillesand

Onsdag 1. juli: Innlandet

Kl. 10:00 Besøker Labo helse- og omsorgssenter og møter mellom anna ordførar Bror Helgestad og varaordførar Tove Beate Karlsen, Østre Toten kommune. Tema for møtet er innovasjon og bruk av ny teknologi i helsetenesta.
Stad: Labo helse- og omsorgssenter, Slettavegen 54, Lena

Kl. 12:30 Møter mellom anna ordførar Einar Busterud og varaordførar Knut Fangberget, Hamar kommune. Tema for møtet er nominasjonen til Attraktiv by, staten sin pris for bærekraftig stadutforming av byer og tettstadar, der Hamar er ein av finalistane
Stad: Oppmøte i Bylab Hamar, Torggt. 63, Hamar, deretter byvandring

Torsdag 2. juli: Trøndelag

Kl. 09:30 Møter ordførar Ida Stuberg, Inderøy kommune. Tema for møtet er nominasjonen til Attraktiv by, staten sin pris for bærekraftig stadutforming av byer og tettstadar, der Straumen i Inderøy kommune er ein av finalistane
Stad: Herman Löchens plass, parkeringsplass ved brufoten av Straumbrua

Kl. 16:30 Møter Trondheim kommune og Trøndelag fylkeskommune. Tema for møtet er innovasjon

Pressekontaktar

Pressekontakt: Politisk rådgjevar Jenny Clemet von Tetzschner, mobiltlf. 918 80 164


Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00