Tettstaden Straumen er Noregs mest attraktive
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet
Pressemelding | Dato: 21.09.2020
Straumen, med 1800 innbyggjarar, har gjennom dei siste ti åra gjennomført ei formidabel sentrumsutvikling, tufta på samarbeid og inkludering. Derfor er tettstaden kåra til årets mest attraktive i 2020.
Straumen er dermed kåra til vinnar av Statens pris for berekraftig by- og stadsutvikling 2020 – Attraktiv by-prisen – som delast ut av Kommunal- og moderniseringsdepartementet.
Den uavhengige juryen skriv i si vurdering at utviklinga i Straumen er eit resultat av langsiktig arbeid. Med stor grad av medverknad, har kommunen skapt ein inkluderande arbeidskultur, engasjement og ei utvikling som har styrkt den unike identiteten til Straumen og Inderøy, som ein liten og attraktiv landbruks- og kulturkommune.
- Andre større og mindre stader kan la seg inspirere av Straumen sitt arbeid med sosial berekraft, samarbeidsformer og langsiktig arbeid med merkevarebygging. Det har vore motoren i staden si utvikling og har skapt grobotn for vekst, seier Alexandria Algard, leiar for juryen.
Kommunen har vore ein aktiv tilretteleggjar for ei utvikling der særleg sosial berekraft har vore eit berande prinsipp. Dei har òg vore bevisst på å foredle ressursane og kvalitetane på staden. Resultatet er ein stad der samhald, gode møteplassar og ivaretaking av kulturminne står sterkt.
Nikolai Astrup, kommunal- og moderniseringsminister, er imponert over alle dei tre finalistane. Hamar og Porsgrunn kjempa saman med Straumen i siste runde.
- Finalistane har vist stor vilje til å setje inn tiltak for å gjere stadene meir attraktive for innbyggjarar, næringsliv og besøkande, seier han.
Statsråden overrekker prisen til Straumen og Inderøy kommune den 12. oktober.
I 2019 blei Bergen kåra til Noregs mest attraktive by. Tidligere vinnare er Kristiansand i 2018, Fredrikstad i 2017, Bodø i 2016 og i 2015 vant Trondheim, Helse Midt og St. Olavs Hospital.