Presseinvitasjon
Bli med på den nasjonale berekraftkonferansen 2. juni
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet
Pressemelding | Dato: 31.05.2021
Berekraftminister Nikolai Astrup og utviklingsminister Dag-Inge Ulstein inviterer til ein digital konferanse om berekraftarbeidet i Noreg onsdag 2. juni.
Statsminister Erna Solberg deltar også på konferansen, i lag med representantar frå kommune- og fylkessektoren, næringslivet, organisasjonane i arbeidslivet, det sivile samfunnet og forskingsinstitusjonar.
Målet med konferansen er å mobilisere heile landet til ein felles innsats for å nå berekraftmåla innan 2030.
Konferansen er digital og gratis. Følg sendinga og sjå programmet:
Den nasjonale berekraftkonferansen onsdag 2. juni
Påmelding for media
Media som ønsker å dekkje konferansen kan gjere det frå Skur 13, Filipstadvegen 3 i Oslo. Send ei påmelding til ke@kmd.dep.no.
Pressekontaktar
For statsminister Erna Solberg: Seniorrådgivar Ingrid Brandal Myklebust, mobiltlf. 995 01 917.
For berekraftminister og kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup: Seniorrådgivar Ingvild Sahl, mobiltlf. 958 70 541.
For utviklingsminister Dag-Inge Ulstein: Kommunikasjonsrådgivar Siri R. Svendsen, mobiltlf. 976 87 801.