Historisk arkiv

Forslag til ny båt- og ferjenøkkel i inntektssystemet på høyring

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sender no på høyring eit forslag om endringar i båt- og ferjenøkkelen i inntektssystemet for fylkeskommunane. Høyringsforslaget vil gje eit betre samsvar mellom nøkkelen og utgiftene fylkeskommunane har til båtruter.

– Båtrutene er ein viktig del av infrastrukturen langs kysten med stor verdi for innbyggjarane. Vi er opptekne av å ta fylkeskommunane med på råd i ei sak som er så viktig for kystfylka, og sender difor forslaget på høyring før vi tar endeleg stilling til om det bør gjerast endringar i fordelingsnøkkelen, seier kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup.

Regjeringa foreslår å innføre eit nytt kriterium for båtar – dei normerte båtkostnadene – saman med dagens kriterium, som er lengde kystlinje. Samstundes blir kriteria skolereiser med ferje, skolereiser med båt og båtreiser tatt ut av nøkkelen.

Den nye båt- og ferjenøkkelen vil med det bestå av kriteria normerte ferjekostnader for ferjene, mens kriteria for båtar blir delt likt mellom lengde kystlinje og normerte båtkostnader. Kriteriet normerte båtkostnader bygger på eit forslag frå Møreforsking Molde og Transportøkonomisk institutt (TØI)

Departementet vil ta synspunkta til fylkeskommunane med i vurderinga før det eventuelt kjem forslag om endringar i båt- og ferjenøkkelen i inntektssystemet. Høyringa blir presentert for Stortinget i kommuneproposisjonen for 2022, som blir lagt fram i mai. Eventuelle forslag til endringar i inntektssystemet vil òg bli presenterte i kommuneproposisjonen.

Fakta om kostnadsnøklane:

  • Kostnadsnøklane i inntektssystemet blir brukte til å kompensere fylkeskommunane for kostnadsskilnader i tenesteytinga som dei ikkje kan påverke sjølve.
  • Kostnadsnøklane blir brukte til å fordele om midlar mellom fylkeskommunane. Fylkeskommunar med eit berekna utgiftsbehov under landsgjennomsnittet får eit trekk i rammetilskotet, mens fylkeskommunar med eit berekna utgiftsbehov over landsgjennomsnittet får eit tillegg.
  • Eventuelle endringar i båt- og ferjenøkkelen vil dermed berre ha innverknad på fordelinga mellom fylkeskommunane, og ikkje på storleiken på ramma som bli fordelt om etter nøkkelen.

Høyringsfristen er 19. mars.

 

Kommunal- og moderniseringsdepartementets pressetelefon: 22 24 25 00