Lønsoppgjeret i staten er i gang
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet
Pressemelding | Dato: 26.04.2021
Staten og hovudsamanslutningane møttest i dag, 26. april, for å starte lønsoppgjeret i staten. Fristen for oppgjeret er ved midnatt 30. april.
I år er det eit mellomoppgjer som vil handle om økonomi.
– Også i år har vi ein spesiell situasjon med tanke på covid-19-pandemien og dei utfordringane den har gjeve oss alle. Det er viktig at partane i lønnsoppgjeret heldt seg til frontfagsmodellen, fordi den bidreg til å sikre offentlege og private arbeidsplassar og norsk konkurranseevne. Eg håpar at forhandlingspartane saman kan finne gode løysingar innanfor den økonomiske ramma som er forhandla fram i frontfaget, seier Nikolai Astrup, kommunal- og moderniseringsminister.
Staten er opptatt av å leggje til rette for handlingsrom og fleksibilitet lokalt i statlege verksemder. Det sikrar at staten også i framtida vil vere ein attraktiv og moderne arbeidsgjevar som lukkast med å rekruttere, utvikle og behalde kompetente medarbeidarar.
Statens personaldirektør, Gisle Norheim, forhandlar på vegner av staten. Han møtte i dag representantar for hovudsamanslutningane LO Stat, Akademikerne, Unio og YS Stat.