Tildeler 3,9 millionar kroner til kompetansetiltak innan plan, kart og geodata
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet
Pressemelding | Dato: 18.06.2021
Kommunal- og moderniseringsdepartementet har fordelt ca. 3,9 millionar kroner i tilskot til 38 ulike prosjekt og tiltak. Midlane skal vere med på å auke effektiviteten og kvaliteten på samfunns- og arealplanlegginga etter plan- og bygningsloven.
Tilskota vert gjeve til ulike verksemder, organisasjonar og faglege nettverk. Løyvinga frå departementet skal auke kompetansen innan planlegging og utvikling av kart og geodata i sivil sektor.
Departementet legg stor vekt på at alle som deltek i planprosessar har tilstrekkeleg kunnskap om sine rettar, pliktar og om gangen i planarbeid. Dette vil bidra til at kommunane og fylkeskommunane lukkast med god medverking i planarbeidet, at planane har god kvalitet og at prosessane går effektivt.
KMD har også som målsetting å auke den tekniske standarden på slike planar. Dette kan ein oppnå mellom anna blant ved å utvikle nye elektroniske hjelpemiddel i saksframstillinga og å samordne prosessane frå plan til byggesak.
Det har vore stor interesse for ordninga, og i år kom det inn 54 søknadar frå 42 søkarar som departementet har handsama. Det samla søknadsbeløpet var på cirka 11,5 millionar kroner.
Desse søkarane har fått tildelt tilskot i 2021:
Tema planlegging:
- Norsk arkitekters landsforbund (NAL)
- Sekretariatet for etter- og videreutdanning i samfunns-planlegging (SEVS)
- Transport-økonomisk institutt (TØI)
- Norsk Sentrums-utvikling (NSU)
- Norsk Kommunal-teknisk Forening (NKF)
- Transport-økonomisk institutt (TØI) v/ "Forum for byutvikling og bytransport"
- Open House Oslo
- Forum for kommunale planleggere (FKP)
- Habitat Norge
- PS Paaby Prosess EDU-ACTION i samarbeid med Universitetet i Agder
- Byutviklingens lange linjer (BULLBY)
- Norsk Bolig- og byplanforening (BOBY)
- Kommunesektorens interesseorganisasjon (KS) i samarbeid med Norske arkitekters landsforbund (NAL)
Tema kart og geodata:
- BA-nettverket
- Geoforum Innlandet
- EgdePlan i samarbeid med Vill Plan
- Nordic Edge
- 3D Analyse
- Norconsult
- Naturvern-forbundet i Oslo og Akershus
- Geoforum sentralt
- Offshore Simulator Centre
- Forum for Natur og Friluftsliv (FnF) Telemark
- Geoforum Buskerud
- FNF Agder
- Friluftsrådenes Landsforbund
Tema universell utforming:
- Hisøy frivillighets-sentral
- Universell Utforming AS
Nokre verksemder/organisasjonar har fleire prosjekt