Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar til Jan Zahl
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kulturdepartementet
Nyheit | Dato: 18.05.2015 | Sist oppdatert: 19.05.2015
Journalist i Stavanger Aftenblad, Jan Zahl, får Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar for 2015.
Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar skal fremje bruk av nynorsk i media og årleg ære ein dyktig journalist som er eit føredøme for andre. Prisen går til ein journalist som har utmerka seg i bruk av levande og god nynorsk i media, og som gjennom arbeidet sitt har gjeve nynorsken innpass på nye område.
Jan Zahl er kulturjournalist og kommentator i Stavanger Aftenblad. Det har han vore sidan 2007. Før det var han journalist i Dagbladet, Dagsavisen, TV 2 og redaktør i Forskarforum. Han har skrive fleire bøker, mellom anna “Kontroll på kontinentet. Historia om Kaizers Orchestra”. Zahl har hovudfag i samanliknande politikk og mellomfag i spansk.
Prisvinnaren får 50.000 kroner og eit norsk kunstverk. Leiaren for juryen, Håkon Haugsbø, deler ut prisen i Aasentunet 26. juni, under Dei nynorske festspela. Prisen vart oppretta i 2004 som departementet si gåve i høve opninga av Nynorsk mediesenter. Difor er leiaren for senteret sekretær for juryen.
I juryen sit Svend Arne Vee, Florø, redaktør i Firdaposten. Agnes Ravatn, Oslo, journalist og forfattar, og Håkon Haugsbø, Oslo, kommunikasjonssjef i Kirkens Nødhjelp.
For spørsmål, kontakt:
Håkon Haugsbø 47 90 67 83 69
Agnes Ravatn 990 410 57
Svend Arne Vee 908 47 465
Les òg meir på nettsida til Nynorsk mediesenter