Ungdom gir råd om unge frivillige
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kulturdepartementet
Nyheit | Dato: 07.06.2016
Kulturminister Linda Hofstad Helleland mottok i dag ei liste med 11 råd og tiltak frå unge leiarar. Dei gav sine synspunkt på korleis ein skal få fleire unge til å ta del i frivillig arbeid.
- Eg ønskjer at fleire unge skal sjå verdien av å engasjere seg og bli med i frivillig aktivitet. For å få til dette må vi ha innspel frå andre unge. Arbeidet som rådet har gjort er viktig for å sjå korleis vi skal arbeide vidare med rekruttering av ungdom til frivillig arbeid
Råda og tiltaka statsråden fekk i dag er ein direkte arv etter Ungdoms-OL på Lillehammer.
Ubnder arrangementet i vinter var 57 prosent av dei frivillige under 30 år, og fleire enn 800 av desse igjen var yngre enn 20 år.
Norsk Tipping og Ungdoms-OL ønskja at desse erfaringane skulle inspirere andre lag og organisasjonar, og derfor blei ei gruppe med unge frivillige etablert. Mandatet var å sjå på råd og tiltak for å få fleire unge inn i frivillig verksemd og korleis få dei til å halde fram.