Fristen for å søkje Innovasjons- og utviklingstilskot til nyheits- og aktualitetsmedium er 20. september
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kulturdepartementet
Nyheit | Dato: 14.09.2018
Det er sett av 7 millionar kroner i 2018, og pengane blir fordelt i éi tildelingsrunde før jul. Ordninga skal særleg fremje redaksjonell, innhaldsrette innovasjon og utvikling i små, lokale nyheits- og aktualitetsmedium.
Kriterier:
- hovudformål å drive journalistisk produksjon og formidling av nyheiter, aktualitetsstoff og samfunnsdebatt til publikum
- inneheld eit breitt tilbod av nyheits-, aktualitets- og debattstoff frå ulike samfunnsområde
- har ein ansvarleg redaktør med status som svarer til føresegnene i Redaktørplakaten
Fleire nyheits- og aktualitetsmedium kan søke saman om tilskot til fellesprosjekt.