Inka-gjenstandar levert tilbake til Peru
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kulturdepartementet
Nyheit | Dato: 04.12.2018
Elleve inka-gjenstandar som blei beslaglagt av politiet i Oslo hausten 2017 blei i går returnert til Peru under ein høgtideleg seremoni i Palacio Torre Tagle, eit palass som det peruvianske utanriksdepartementet disponerer i den gamle bydelen i Lima.
![Statssekretær i Utanriksdepartementet Marianne Hagen og utanriksminister i Peru, Nestor Popolizio Bardala håndhilser.](/contentassets/71798dcb4de24cee9f4937f618339f52/statssekretar-marianne-hagen-og-perus-utenriksmin-nestor-popolizio-bardala---2-foto-ud-i-peru.jpg?preset=article&v=-1635149201)
Statssekretær i Utanriksdepartementet Marianne Hagen heldt tale om kor viktig det er å ta vare på verdas kulturarv og kjempe mot ulovleg handel med kulturgjenstandar. Utanriksminister i Peru, Nestor Popolizio Bardala, retta ein varm takk til norske styresmakter og gav honnør til toll og politi for å ha avdekt og tatt beslag i dei ulovleg innførte gjenstandane.
Seremonien blei avslutta med at utanriksminister Bardala og den norske ambassadøren Beate Stirø signerte ein intensjonsavtale om fortsatt samarbeid for å kjempe mot ulovleg innførsle og utførsle av kulturgjenstandar.
![Utanriksminister i Peru Nestor Popolizio Bardal på talerstolen.](/contentassets/71798dcb4de24cee9f4937f618339f52/statssekretar-marianne-hagen-og-perus-utenriksmin-nestor-popolizio-bardala-foto-ud-i-peru.jpg?preset=article&v=255830683)