Kulturministeren overrekte jubileumsgåve på 15 millionar til Den Norske Turistforening
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kulturdepartementet
Nyheit | Dato: 17.10.2018
Generalsekretær Dag Terje Klarp Solvang i Den Norske Turistforening (DNT) fekk i dag ein gåvesjekk pålydande 15 millionar kroner av kulturminister Trine Skei Grande.
Sjekken er ei gåve i høve DNT sitt 150-årsjubileum i år. Regjeringa ønskte å gje ei gåve som skulle bidra til å vidareføre og styrkje Turistforeininga sitt viktige arbeid med å leggje til rette for naturopplevingar for heile folket, og i 2017 blei det avgjort at DNT skulle få halve overskotet frå lottotrekninga 25. august i år, med ei øvre grense på 15 millionar kroner. Pengane skal i første rekkje bli brukte til bygging og oppgradering av DNT sine hytter i heile landet