Kjenner du ein journalist som bør bli nominert til Menneskerettsprisen?
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kulturdepartementet
Nyheit | Dato: 09.01.2020
Kulturdepartementets menneskerettspris for journalistar blir tildelt ein journalist som i særleg grad har satt søkelys på aktuelle menneskerettsspørsmål i Noreg.
Prisen blir delt ut annankvart år, og er ein pengegåve på 100 000 kroner og eit litografi utført av kunstnaren Håkon Bleken. Nominasjonar må gjerast innan 7. februar. Prisen blir delt ut i mai 2020.
Meir informasjon på nettsida til Medietilsynet
Kontaktperson er Jan-Erik Andersen i Medietilsynet: jan.erik.andersen@medietilsynet.no