Ny mediestøttelov vedteke
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kulturdepartementet
Nyheit | Dato: 15.12.2020
Stortinget vedtok 14. desember ei ny mediestøttelov. Lova følgjer opp Mediestøttemeldinga frå 2019 der regjeringa varsla ein ny modell for organisering og forvaltning av mediestøtta.
Lova legg til rette for eit mangfald av redaktørstyrte journalistiske media over heile landet ved å bidra til føreseielege økonomiske rammer for media si verksemd og ei styrka uavhengig forvaltning av mediestøtta.
Hovudgrepa i lovforslaget er:
- Lovfesting av tilskotsordningane og dei samfunnsmessige føremåla med mediestøtta.
- Innføring av fireårige styringssignal for den økonomiske ramma for NRK.
- Innføring av fireårige styringssignal for den samla økonomiske ramma for tilskotsordningane på mediefeltet.
- Styrking av armlengds avstand mellom politiske styresmakter og media ved å lovfeste Medietilsynet og Medieklagenemnda sin sjølvstende i behandlinga av enkeltsaker om mediestøtte.
- Innføring av ein heilskapleg gjennomgang av verkemidla på mediefeltet kvart fjerde år.
Mediestøttelova er ein del av arbeidet regjeringa gjer for å sikre tilgang til journalistikk som har den truverd, tillit og kvalitet som kjenneteiknar redaktørstyrte massemedia.