Utlysing av årets nynorskkommune for 2020 - Pris for god målbruk i krisetid
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kulturdepartementet
Nyheit | Dato: 16.09.2020
Kulturdepartementet skal kåre årets nynorskkommune 2020. Prisen, som er på 100 000 kroner, går til ein kommune eller fylkeskommune som tar særleg godt vare på det nynorske skriftspråket.
I år vil juryen prioritere kommunar eller fylkeskommunar som har brukt nynorsken godt i informasjons- og kommunikasjonsarbeidet under koronakrisa.
– Språket bind samfunnet saman, og i krisetider er det ekstra viktig med klart og godt språk. Men det er òg viktig å syte for at mindretalsspråk ikkje kjem under press. Vi vil difor gjerne heidre kommunar og fylkeskommunar som gir klar og tydeleg informasjon på nynorsk under koronakrisa, seier seksjonssjef i Språkrådet Margrethe Kvarenes. Ho leier juryarbeidet på vegner av Kulturdepartementet.
I tillegg ynskjer juryen at kommunane kan vise til
- at dei nyttar og synleggjer nynorsk i kommunale planar, i utetterretta kommunikasjon og i kulturarbeidet i kommunen
- at dei har retningsliner for nynorskbruk og nynorsk opplæringstilbod for tilsette i kommunen
- at dei har tiltak for nynorsk i næringslivet
- at innvandrarar og flyktningar får opplæring i og på nynorsk
- at barn i barnehagar og barneskular får møte nynorsk tidleg
Kven som helst kan nominere
Alle som har late seg imponere av nynorskarbeidet i ein kommune eller fylkeskommune, kan føreslå ein kandidat til prisen. Språknøytrale kommunar kan òg nominerast.
– I språknøytrale kommunar hamnar nynorsken ofte i ei utsett stilling. Nynorskbrukarar skal òg ha viktig informasjon på sitt eige språk, på same vis som bokmålsbrukarane. Nøytrale kommunar som fremjar nynorsk, fortener difor merksemd og påskjøning, seier Kvarenes.
I fjor var det Ålesund kommune som stakk av med prisen.
– Ålesund går føre som eit godt eksempel og viser at alle kommunar kan få til godt nynorskarbeid, seier Kvarenes.
Fristen for å nominere kommunar og fylkeskommunar er 1. oktober 2020. Les meir på språkrådet.no om korleis du kan nominere kommunar.
I juryen sit også representantar for Nynorsk kultursentrum, Landssamanslutninga av nynorskkommunar, Noregs Mållag og KS.
Kontakt: juryleiar Margrethe Kvarenes, tlf. 94 89 47 89