Revidert nasjonalbudsjett:
2,5 millionar til nye stolar og bord i Håkonshallen
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kulturdepartementet
Pressemelding | Nr: 51/14 | Dato: 14.05.2014
Regjeringa foreslår å løyve 2,5 millionar kroner til nye stolar og bord i Håkonshallen.
Regjeringa foreslår å løyve 2,5 millionar kroner til nye stolar og bord i Håkonshallen.
- Håkonshallen er ein unik bygning frå mellomalderen, seier kulturminister Thorhild Widvey. - Det er ei nasjonal oppgåve å syte for at Håkonshallen kan brukast til representasjonsoppgåver. Det er ikkje akseptabelt at stolar og bord er så utslitne at dei ikkje lenger kan brukast. Regjeringa vil rydde opp så raskt som mogeleg og gjer framlegg om ei løyving for innkjøp av nye møblar, seier kulturminister Widvey.
Bymuseet i Bergen er ansvarleg for bruken av Håkonshallen som sto ferdig i 1261.