Historisk arkiv

Statsbudsjettet

Auke i momskompensasjon for idrettsanlegg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

Regjeringa foreslår ei løyving på 72,6 millionar kroner til meirverdiavgiftskompensasjon ved bygging av idrettsanlegg i 2015. Dette er ein auke på 16,8 millionar kroner frå statsbudsjettet for 2014.

Regjeringa foreslår ei løyving på 72,6 millionar kroner til meirverdiavgiftskompensasjon ved bygging av idrettsanlegg i 2015. Dette er ein auke på 16,8 millionar kroner frå statsbudsjettet for 2014.

Ordninga med momskompensasjon for bygging av idrettsanlegg vart innført i 2010, og gir idrettslag og foreiningar høvet til å få kompensert ein del av den betalte meirverdiavgifta ved bygging av idrettsanlegg. Tidlegare vart det ikkje gitt slik kompensasjon til lag og foreiningar.

- Bygging av idrettsanlegg er eit stort økonomisk løft for mange lag og foreiningar, og denne kompensasjonsordninga bidrar til å lette finansieringa av anleggsinvesteringar. Vi er klar over at idrettslaga i år fekk mindre beløp enn dei søkte om, på grunn av det høge talet på søkjarar.  Vi vil følgje utviklinga og komme tilbake til korleis dette kan ordnast opp i, seier kulturminister Thorhild Widvey.

Det har vore ein kraftig auke i søknadsmengda kvart år, noko som viser at ordninga ivaretar eit stort behov.  Kor stor andel av meirverdiavgifta som blir kompensert, blir avgjort av løyvinga i statsbudsjettet. Ei prosentvis avkorting vil vere lik for alle innvilga søknader.