Statsbudsjettet
Staten overtek ansvaret for Norsk Maritimt Museum
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kulturdepartementet
Pressemelding | Nr: 106/14 | Dato: 08.10.2014 | Sist oppdatert: 13.10.2014
Etter avtale med Oslo kommune overtar staten frå og med 2015 heile ansvaret for tilskotet Oslo kommune hittil har ytt til Norsk Maritimt Museum. Samanlikna med mange andre museum har staten hittil hatt eit nokså avgrensa ansvar for offentlege driftstilskot til Norsk Maritimt Museum.

- Det har vore viktig for oss å rydde opp i ansvarsforholda, og eg er glad vi har fått i stand ein avtale med Oslo kommune om dette. I tillegg foreslår vi å auke tilskotet til museet med vel 5 millionar kroner, blant anna på grunn av behov for rehabilitering og vedlikehald av museet si bygningsmasse og behov knytta til samlingsforvaltning, seier kulturminister Thorhild Widvey.
Det foreslåtte statlege driftstilskotet til Norsk Maritimt Museum i 2015 er nær 16 millionar kroner (15,87 mill).