Statsbudsjettet:
5,5 millionar meir til dialog på trus- og livssynsfeltet
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kulturdepartementet
Pressemelding | Nr: 130/15 | Dato: 07.10.2015
Regjeringa vil styrke dialogtiltak på trus- og livssynsfeltet med 5,5 millionar kroner. Dette gir 11,7 millionar kroner til slike tiltak i 2016.
Midla skal legge til rette for dialog og samarbeid mellom trus- og livssynssamfunna ved å gje tilskot til Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn, Norges Kristne Råd og Islamsk Råd Norge, og ved utlysning av middel til dialogprosjekt.
Tidlegare utlysingar har vist eit stort behov for støtte til slike tiltak. Hausten 2014 og våren 2015 kom det inn nesten 130 søknadar for til saman 41 millioner kroner.
- Noreg har dei siste åra fått større mangfald på trus- og livssynsområdet. Gjennom å styrke dialogarbeidet bygg ein forståing og respekt ved å identifisere felles verdiar og mål for det samfunnet vi lever i, seier kulturminister Thorhild Widvey.