Framlegg om å endre kringkastingslova
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kulturdepartementet
Pressemelding | Nr: 156/15 | Dato: 15.12.2015
Kulturdepartementet sender i dag på høyring eit framlegg om endring i kringkastingslova og kringkastingsføresegna. Høyringsnotatet inneheld fleire framlegg til oppmjuking av lovverket om reklame og sponsing, med det som mål å betre konkurranseevna og finansieringsmuligheitene til norske kommersielle kringkastarar.
- Norske kommersielle kringkastarar konkurrerer i ein global marknad. Det er difor viktig å sørge for gode rammevilkår som kan bidra til å oppretthalde eit mangfald av norske kringkastarar, seier kulturminister Thorhild Widvey
Norske fjernsynskanalar konkurrer med utanlandske kanalar som i mange høve er underlagt meir liberal reklameregulering. Dette gjer at utanlandske tv-kanalar får eit konkurransefortrinn, fordi regelverket i andre land gjennomgåande er meir liberalt enn det norske.
- Ei oppmjuking av reklamereglane i tråd med reguleringa i andre EØS-land vil bidra til å styrke dei norske kommersielle kringkastarane si konkurranseevne, seier Widvey.
Høyringsnotatet inneheld desse framlegga til endring av kringkastingsregelverket:
- Høve til å ta i bruk nye reklameteknikkar, som reklame på delt skjerm og virtuell reklame.
- Oppheving av regelen om at reklame ikkje kan overstige 15 prosent av dagleg sendetid.
- Mindre detaljerte reglar for reklameavbrot.
- Opning for identifikasjon av sponsor i program, enkeltinnslag i program og i programtrailerar. Oppheving av kringkastingslova § 3-5