Frivilligerklæringa lagt fram i dag:
Regjeringa erklærer mål for samarbeid med frivillig sektor
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kulturdepartementet
Pressemelding | Nr: 50/15 | Dato: 01.06.2015
Kulturminister Thorhild Widvey la i dag fram Frivilligerklæringa – regjeringa si erklæring for samspelet med frivillig sektor. Regjeringa støttar Frivillighet Norge sitt arbeid for økt rekruttering av frivillige med 750.000 kroner.
Frivilligerklæringa trekk opp grunnleggjande prinsipp og overordna mål for samspelet mellom regjering, statlege styresmakter og frivillig sektor. Formålet med frivilligerklæringa er å bidra til at staten fører ein heilskapeleg frivilligpolitikk som skaper føreseielege vilkår for frivillig sektor.
Les heile Frivilligerklæringa her
- Dette er den første Frivilligerklæringa i Noreg. Frivillig verksemd er verdifullt for samfunnet, for dei som utfører frivillig arbeid og for dei som mottar tenester frå frivillige, seier kulturminister Thorhild Widvey.
- Frivilligerklæringa gir heilt konkrete og praktiske føringar for samspelet mellom offentlige organ og frivillige organisasjonar. Regjeringa ønskjer innspel frå frivillig sektor om korleis erklæringa skal bli følgt opp i praksis. Erklæringa skal vere eit levande dokument der regjeringa skal bli målt på frivilligpolitikken sin, sier Thorhild Widvey.
Regjeringa vil invitere frivillig sektor til å fremje innspel og medverke i politiske prosessar.
Regjeringa vil også bidra til å skaffe betre kunnskap om frivillig sektor og gjere kunnskapen tilgjengeleg. Eit anna mål i erklæringa er å forenkle reglar og prosedyrar slik at frivillige organisasjonar kan bruke meir tid på aktivitet og mindre tid på byråkrati. Dette krev mellom anna at statlege organ ivaretar sektoransvaret og opptrer koordinert.
Regjeringa meiner det er viktig å støtte opp om organisasjonane sine eigne løysningar.
Difor vil vi bidra til organisasjonane sitt arbeid for å rekruttere fleire og nye frivillige. Arbeidet blir leidd av Frivillighet Norge og Kulturdepartementet støttar dette med 750. 000 kroner i år.
Regjeringa vil innkalle til eit årleg møte med frivillige sektor der ein diskuterar erklæringa og korleis ho vert følgt opp.
63 frivillige organisasjonar og samanslutningar leverte innspel under høyringa av Frivilligerklæringa.