4 millionar kroner til ny ishall i Bugårdsparken i Sandefjord
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kulturdepartementet
Pressemelding | Nr: 20/16 | Dato: 09.03.2016
- Eg er glad for at Sandefjord endeleg får ny ishall. Ishallen vil bli eit viktig samlingspunkt for lagidretten, men også for alle som ønskjer å prøve seg på isen. Ishallar som denne er også viktig for talentutvikling, seier kulturminister Linda Hofstad Helleland.
- Ei innandørsflate vil gi meir stabile forhold for isaktivitetar med meir bruk og til glede for mange fleire, seier kulturminister Hofstad Helleland.
- Hallen vil gjere det enklare å tilretteleggje for allmenn aktivitet, treningar og konkurransar, og anlegget vil difor bli brukt meir enn i dag. Det nye anlegget har vore etterlengta i fleire år og vil bety svært mykje for folk flest og den organiserte idretten både i Sandefjord og i Vestfold, seier kulturministeren.
Den nye ishallen vil bestå av sjølve hallen og ein del som inneheld garderobar, foajé, kiosk, toalett, buer, tekniske anlegg og tribunar. Det er planlagt å integrere eksisterande teknisk anlegg og isflate med tilhøyrande kjølesystem i den nye ishallen. Søknaden har fått anbefaling frå Norges Ishockeyforbund.
Tilskotet er spelemidlar frå anleggspolitisk program som skal gå til idrettsanlegg som det er spesielt stor mangel på.