Revidert nasjonalbudsjett:
50 millionar meir til kompensasjon av meirverdiavgift for idrettsanlegg
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kulturdepartementet
Pressemelding | Nr: 34/16 | Dato: 11.05.2016
Regjeringa foreslår i revidert nasjonalbudsjett for 2016 ei tilleggsløyving på 50 millionar kroner til kompensasjon av meirverdiavgift ved bygging av idrettsanlegg. Dette vil gi ei samla løyving på 193 millionar kroner til denne ordninga i 2016, dette vil truleg innebere full kompensasjon i år.
- Ei styrking av kompensasjonsordninga med 50 millionar kroner er godt nytt for idrettslag og foreiningar som bygger idrettsanlegg. Søknadsbeløpet har auka dei siste åra. Det viser at ordninga er ein suksess og at den dekkjer eit stort behov, seier kulturminister Linda Hofstad Helleland.
- Idrettslag og foreiningar gjer ein stor og viktig innsats for bygging av idrettsanlegg som skaper aktivitet og trivsel over heile landet. Momskompensasjonen betyr rimelegare anlegg for idretten og gir fleire anlegg og meir aktivitet for barn og unge. Kompensasjonsordninga bidrar til gode rammeverk for lag og foreiningar som tar på seg slike anleggsinvesteringar, seier statsråd Hofstad Helleland.
Ordninga inneber at lag og foreiningar får kompensert meirverdiavgiftskostnadar dei har hatt ved bygging av idrettsanlegg. Lotteritilsynet har i 2016 mottatt 410 søknader om kompensasjon av meirverdiavgift ved bygging av idrettsanlegg. Den totale søknadssummen er på om lag 200 millionar kroner. Godkjent søknadssum vil først vere klar når Lotteritilsynet har sluttført søknadsbehandlinga før sommaren.