Stortingsmelding om pengespelpolitikk lagt fram:
Omsynet til spelavhengige er viktigast
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kulturdepartementet
Pressemelding | Nr: 129/16 | Dato: 16.12.2016
Regjeringa vil vidareføre dagens modell på pengespelfeltet slik at Norsk Tipping og Norsk Rikstoto framleis skal ha einerett på å tilby pengespel. Det er ikkje aktuelt å innføre lisensordning for utanlandske pengespelselskap.
- Eg er stolt av å leggje fram stortingsmeldinga "Alt å vinne – ein ansvarleg og aktiv pengespelpolitikk", seier kulturminister Linda Hofstad Helleland. - Dette er den første prinsipielle og heilskaplege gjennomgangen av spelefeltet sidan 2003. Meldinga gjer greie for den store utviklinga på pengespelfeltet dei siste åra, og korleis vi skal legge til rette for ein god pengespelpolitikk i framtida, seier kulturminister Hofstad Helleland.
- Meldinga legg opp til ein heilskapleg og robust modell for regulering av pengespel som vil stå seg i møte med den teknologiske utviklinga, seier kulturministeren. - Hovudmålet er å sikre at lotteri og pengespel blir tilbydde i trygge og ansvarlege former for å avgrense uheldig speleåtferd. Regjeringa meiner at dagens modell der statlege aktørar har einerett til å tilby storparten av pengespel er best eigna til å nå måla om eit ansvarleg speltilbod. Med eit godt nasjonalt tilbod via Norsk Tipping og Norsk Rikstoto og fleire nye tiltak for å beskytte dei regulerte aktørane, gjer vi einerettsmodellen meir robust, seier kulturminister Linda Hofstad Helleland.
Stortingsmeldinga varslar også at reguleringa av pengespelpolitikken skal samlast i ei lov som skal gjelde for pengespel, lotteri og totalisatorspel. I samband med lovarbeidet vil dei viktigaste tiltaka for ansvarlege spel bli fastsett i forskrift. Kulturdepartementet skal ha ansvar for heile pengespelfeltet. Slik vil ein sikre ei heilskapleg og føreseieleg regulering.