Revidert nasjonalbudsjett:
Tilskot til internasjonale sykkelritt i Noreg
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kulturdepartementet
Pressemelding | Nr: 36/16 | Dato: 11.05.2016
I statsbudsjettet for 2016 vedtok Stortinget å opprette ein ny, generell tilskotspost for internasjonale sykkelritt i Noreg. For 2016 er løyvinga på 5 millionar kroner.
Kulturdepartementet vil bidra til utvikling av kvinnesykling og foreslår i revidert nasjonalbudsjett å tildele 2 millionar kroner til Ladies Tour of Norway. I tillegg foreslår departementet 1,5 millionar kroner til Tour of Norway og 1,5 millionar kroner til Tour des Fjords.
I tillegg til Arctic Race of Norway er desse tre ritta dei største internasjonale sykkelritta i Noreg med deltakande profflag. Arctic Race of Norway mottar statleg støtte frå Nærings- og fiskeridepartementet sitt budsjett.