Utlysing av midlar for å bidra til ein meir fleirstemt trus- og livssynsdialog
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kulturdepartementet
Pressemelding | Nr: 19/16 | Dato: 04.03.2016
- Tru og livssyn er viktige tema i samfunnsdebatten. Eg ønskjer at vi saman skal ha eigarskap til problem og løysingar i trus- og livssynspolitikken. Difor er det viktig å leggje til rette for ein meir fleirstemt debatt. Midlane som vi no lyser ut, skal bidra til å invitere nye stemmer til dialog og halde i gang samtalar om tru og livssyn, seier kulturminister Linda Hofstad Helleland.
- Erfaringane frå fleire tiår med trus- og livssynsdialog her i Noreg har lært oss at samtalar på tvers av religiøse skiljeliner gir meir slitesterke fellesskap og samfunn. Dialog er konfliktdempande og eit viktig tiltak for å motverke skilje mellom "oss" og "dei". Det er særleg viktig at dialogmidlane får ungdomen i tale, seier kulturminister Hofstad Helleland.
Meir informasjon om midlar til dialogarbeid (.pdf)
Søknadsfristen er 1. mai 2016.