Statsbudsjettet 2018
Auke til musea i Det nasjonale museumsnettverket
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kulturdepartementet
Pressemelding | Nr: 88/17 | Dato: 12.10.2017
Regjeringa foreslår å auke den samla løyvinga til musea i Det nasjonale museumsnettverket til 1,5 milliardar kroner. I dette inngår ei styrking av driftstilskotet på 21 millionar kroner til seks av musea.
– Museum er særs viktige kulturarvinstitusjonar som tilbyr populære møteplassar for eit mangfaldig publikum. Regjeringa ønsker å styrke musea for å leggje til rette for enda betre formidling og forvalting av samlingane og anlegga, seier kulturminister Linda Hofstad Helleland.
Regjeringa foreslår å styrke tilskota til følgjande institusjonar:
- Norsk Folkemuseum/Ibsenmuseet
Regjeringa foreslår å auke tilskotet til Norsk Folkemuseum med 8 millionar kroner for å få på plass eit utvida driftskonsept ved Ibsenmuseet. Norsk Folkemuseum har planar om å etablere teaterhistoriske utstillingar og å opprette ei teaterscene ved Ibsenmuseet i samarbeid med Nationaltheatret. - Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design
Regjeringa foreslår å auke tilskotet til Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design med 4 millionar kroner for å leggje til rette for omfattande førebuingar i samband med flytting av samlingane til dei nye lokala på Vestbanen. - Vest-Agder-museet/Hestmanden
Regjeringa ønskjer å auke tilskotet til Vest-Agder-museet med 4 millionar kroner for å sikre vidare drift av DS Hestmanden – det nasjonale minnesmerket over krigssiglarane sin innsats i to verdskrigar. - Sørlandets Kunstmuseum
Tilskotet til Sørlandets Kunstmuseum blir foreslått auka med 2 millionar kroner for å leggje til rette for best mogeleg forvalting av ei omfattande kunstsamling som museet har fått i gåve frå Nicolai Tangen. - KODE Kunstmuseer og komponisthjem
Regjeringa foreslår å auke tilskotet til KODE Kunstmuseer og komponisthjem med 2 millionar kroner for å dekkje auka kostnader til vakthald og sikring. - Museene i Sør-Trøndelag/Kystens arv
Regjeringa foreslår å auke tilskotet til Museene i Sør-Trøndelag med 1 million kroner for å dekkje auka driftskostnader i det nye formidlingsbygget ved avdelinga Kystens Arv i Rissa.