Revidert nasjonalbudsjett:
Den Nationale Scene vert rehabilitert
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kulturdepartementet
Pressemelding | Nr: 46/17 | Dato: 11.05.2017
Regjeringa foreslår i revidert nasjonalbudsjett for 2017 eit statleg investeringstilskot på til saman 101 millionar kroner til rehabilitering av tak og fasadar ved Den Nationale Scene i Bergen.
– Den Nationale Scene er ein del av vår nasjonale kulturarv på fleire måtar. Institusjonen forvaltar ein av dei eldste teatertradisjonane i landet. I tillegg har bygget i seg sjølv stor kulturhistorisk verdi. No er det behov for å rehabilitere tak og fasadar, og vi vil leggje til rette for at dette arbeidet kan startast opp så snart som råd, seier kulturminister Linda Hofstad Helleland.
Regjeringa gjer framlegg om statleg investeringstilskot på til saman 101 millionar kroner til naudsynt rehabilitering av tak og fasadar for Den Nationale Scene, fordelt med 40 millionar kroner i tilskot i 2017 og 61 millionar kroner i tilsegn for seinare budsjettår.
Teaterbygget er eit av dei fremste eksempla på monumentalbygg i Jugendstil vi har her i landet, og har vore freda sidan 1993.