Revidert nasjonalbudsjett:
100 millionar i auke til idrettsanlegg
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kulturdepartementet
Pressemelding | Nr: 32/18 | Dato: 15.05.2018
I revidert nasjonalbudsjett for 2018 gjer regjeringa framlegg om ei tilleggsløyving på 100 millionar kroner til meirverdiavgiftskompensasjon ved bygging av idrettsanlegg. Denne løyvinga vil truleg gje tilnærma full kompensasjon av det godkjente søknadsbeløpet i 2018.
I statsbudsjettet for 2018 blei det løyvd 185 millionar kroner til denne ordninga. Med denne løyvinga vil samla beløp til meirverdiavgift vere 285 millionar kroner.
Lotteri- og stiftelsestilsynet har i 2018 mottatt 488 søknader om kompensasjon. Samla søknadsbeløp er 305 millionar kroner. Dette viser stor evne og vilje til å bygge anlegg blant lokale idrettslag. Samla godkjent søknadsbeløp vil ikkje vere klart før tilsynet har sluttført søknadshandsaminga, men erfaringsmessig blir beløpet noko redusert i prosessen fordi ikkje alle søknader fyller krava.
- Bygging av idrettsanlegg gir auka idrettsaktivitet over heile landet, og denne ordninga har mykje å seie for lokale idrettslag og foreiningar. Regjeringa ønsker å sikre gode og føreseielege rammevilkår for desse laga og gjer difor framlegg om denne tilleggsløyvinga på 100 millionar kroner.
Sidan 2014 har denne regjeringa sørga for at det kvart år har blitt tilnærma full kompensasjon for lokale idrettslag som har bygd anlegg. Ordninga var på 63 millionar kroner i 2013 og har dermed blitt auka med over 220 millionar kroner frå 2013 til revidert nasjonalbudsjett 2018.